Bøyging, damping, rogn
Lagt inn: 26 mar 2016, 00:18
Hei,
Nybyrjar med to rogneemne. Lurer på kva som er neste steg då det kan sjå ut til at eg må retta dei ut noko. Lurer på korleis eg går fram for å få til dette. Flott om nokon kan gje meg tips.
- Skal stokken fuktast over 10 sek., 5 min eller 1 dag?
- Skal eg ha på litt vatn og tørke det vekk, eller skal eg leggje den i dusjen?
- Er det her snakk om varmt vatn eller damping?
- Skal eg fukta berre den delen som skal bøygast eller heile emnet?
Har lagt ved nokre bilete.
Bilete 1: Dårleg bilete, men staven er vridd ikring sin eigen akse ca 30 grader, i den eine enden.
http://imagehost.nordei.de/pics/8077254 ... c02755.jpg
Bilete 2: Staven er meir skeiv enn vridd. Lurer på om dette bør rettast opp på noko vis.
http://imagehost.nordei.de/pics/e9f0b79 ... 3d61a6.jpg
Bilete 3: Same stav som på bilete 2, men formen er ulik frå venstre til høgre side. Eg lurer på om dette er eit problem, og om eg må bøyge dei slik at det er likt. Skal eg så i fall bøyge venstre sida som på høgre eller omvendt?
http://imagehost.nordei.de/pics/3f3731b ... 537ae9.jpg
Håpar nokon kan hjelpa.
Mvh
Hans-Ragnar